Jordbær

Jordbær

Sesong: Slutten av mai - juli
Våre sorter: Polka og Sonata
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C, kostfiber og ei god kilde til folat.
Bruk: Etast naturell, gjerne med mjølk, fløyte, kesam, cottage cheese eller rømme og sukker. Fint som pynt, kakefyll, i fruktsalat, i milkshake, smoothie, til iskrem eller til sylting. Kan frysast.

LAERDAL-SVERREHJORNEVIK-6387.jpg

Om jordbær

Ein krysning av dei beste jordbærplantane frå Nord- og Sør-Amerika med dei beste europeiske artane førde til dei store, sterkt duftande og saftige jordbæra slik me kjenner dei i dag. Ei vidareutvikling av planta har ført til tusenvis av forskjellige jordbærvariantar for å tilfredstille ulike klimatiske forhold i dyrkarlandet, smakseigenskapar, størrelse og haldbarheit. Eigentleg er jordbæret ein oppsvulma blomsterbotn som inneheld bitte små jordbærfrø som botanisk sett er nøtter.


Produsentar

 

Rips

Rips

Sesong: August - september
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C og kostfiber
Bruk: Etast naturell til dessert med sukker, vaniljesaus, is eller melk. Egnar seg godt til syltetøy, saft og gelé. God i pai eller som pynt. Rips kan frysast.

SVERREHJORNEVIK-LAERDALGRONT-27511.jpg

Om rips

Rips finnes som raude, gule og kvite bær, men det er dei raude og kvite som er mest vanleg hjå oss. Den raude ripsen har ein noko friskare og meir syrleg smak enn den kvite. Sylting av rips har vore kjend frå 1600-talet og på 1700-talet var buskene svært utbreidd i landet vårt. I norske hagar finnes det svært mange ripsbusker, men det er liten kommersiell produksjon. Rips inneheld stoffet pektin som gjer at dei egnar seg til gelé og sylting.


Produsent


Stikkelsbær

Stikkelsbær

Sesong: Juli - august
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C og kostfiber (ved inntak av min. 100 g råvare)
Bruk: Etast naturell. Veleigna til gelé, saft og sylting, eller i paiar og kaker. Fantastisk som garnityr til kjøtt og fiskerettar. Kan frysast.

Stikkelsbær.jpg

Om stikkelsbær

Stikkelsbær er i slekt med rips og solbær, men er mykje større og heng ikkje i klasar. Dei kjem frå Kaukasus og det vestlege Afrika, og blei dyrka i Norden frå 1600-talet. Stikkelsbær kan variere noko i utsjåande. Fasongen kan vere rund, men også noko avlang. Skalet varierar frå nesten glatt til håret. Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga og smaken er søt og litt syrleg. Bær som skal brukast til syltetøy og gelé bør være hausta umodne, medan bær som skal brukast til dessert eller frysast bør være meir modne.


Produsent


Hageblåbær

Hageblåbær

Sesong: Midten av august - oktober
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin E og C, folat og kostfiber.
Bruk: Etast naturell eller med mjølk og sukker. Eignar seg godt til fruktsalatar, blåbærpai, i frukostblandingar og til bakverk. Kan også frysast.

hageblaabaer i laerdal

Om hageblåbær

Hageblåbær er kryssingar mellom fleire nordamerikanske arter. Buskene vert omkring 1 til 2 meter høge, alt etter sort og kultur. I forhold til ville blåbær, er hageblåbær svært store. Vanleg bærvekt er 1,5 til 4 gram. Bæra er fargelause inni, noko som gjer at dei ikkje fargar av på tenner og klede. Smaken minner om vanlege blåbær, men er kanskje noko søtare. Plantene brukar seks til ni år på å nå full produksjon. Bæra heng i klase og modnar eitt for eitt.


Produsent


Aprikos

Aprikos

Sesong: Midten av juli - august
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin E og kostfiber
Bruk: Etast naturell, til dessert med annan frukt, fruktsalatar eller som tilbehør til is. Kan også brukast til fjørferettar og ostefat, samt til fyll i kaker, syltetøy og likør.

LAERDAL-GRONT-SVERREHJORNEVIK-3138.jpg

Om aprikos

Aprikos er ei av dei eldste fruktene vi kjenner til, og kjem frå Kina. Den blir dyrka også sør i Europa ved Middelhavet. Aprikos er mykje lik i størrelse og form som ei plome. Det saftige fruktkjøtet omsluttar ei hard kjerne. Skalet er loddent med ein oransje eller mørk gul farge. Smaken er svakt syrleg og frukta vert eten best som den er.


Produsentar


Tindved

Tindved

Sesong: August - oktober
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Store mengder vitamin C
Bruk: Saft, sausar, dessert, likør og gelé.

tindeved.jpg

Om tindved

Tindved er ein rikt greina busk som får små oransjegule bær på mellom 6 og 10 mm i diameter. Planta veks i Europa, men kjem i hovudsak frå Kina og Russland for kommersiell bruk. I Noreg finnes tindved viltveksande, hovudsakleg rundt Trondheimsfjorden.

Lærdal Grønt SA er i gong med eit prøveprosjekt, der Tindved blir odla i Lærdal. Bæra som kjem på buskane er verdifulle, og kan brukast til både saft, sausar, dessert og gelé. Bæra karakteriserast som saftige og sure med ein særprega aroma.


Produsent


Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no