Poteter

Poteter

Sesong: Midten av juni - september
Våre sorter: Solist, Rutt, Berber, Arielle, Fakse, Mandel og Asterix
Oppbevaring: I kjøleskap (sval)
Rike på: Vitamin C og kostfiber
Bruk: Passar som tilbehør til dei fleste matrettar. Kokt, steikt, bakt, stua, i supper, gryterettar, salatar og omelettar.

_DSF8141.JPG

Om potet

Potetplanta kjem frå Sør-Amerika der den framleis veks vilt i Chile og Andesfjella i Peru. Urfolk har dyrka og ete poteter i omlag 3000 år. Poteta kom til Norge i 1740-åra, og var ei viktig næringskjelde til ein sterkt veksande befolkning. Lærdal var ein av dei første stadene i Norge poteta vart introdusert, kanskje den aller første. Poteter er følsame for lys, og må lagrast mørkt. Temperaturen bør vere mellom 4 og 6°C.


Produsentar


Gulrot

Gulrot

Sesong: Juli - desember
Våre sorter: Nominator, Napoli og Namdal
Oppbevaring: I kjøleskåp
Rike på: Vitamin A (betakaroten) og kostfiber.
Bruk: Brukast rå, kokt, bakt, i supper, i gryter og stuingar, og er veleigna til wok. Med sin litt søte smak er den nydeleg i kaker.

LAERDALGRONT-SVERREHJORNEVIK-4154.jpg

Om gulrot

Gulrot trives både i varme og kalde strøk og dyrkes over store deler av verda. Den friske, oransje fargen kjem av betakaroten, som blir til vitamin A i kroppen vår. Det finnes mange forskjellige typar gulrot, og dei varierar i størrelse, fasong og farge. I tillegg til den vanlege oransje, finnes det svarte, lilla, gule og kvite gulrøtter. Dei lilla gulrøttene blei fyrst brukt som fargestoff, og på 1800-talet blei det populært å dyrke dei oransje gulrøttene vi kjenner best.

Nokon gulrøtter blir lange og spisse, andre meir butte i fasongen, og nokon nesten heilt runde. Gulrot er ein av dei mest brukte grønnsakene i Norge. Den blir solgt både i bunt med graset på og pakka i posar eller beger.


Produsentar


Kålrot

Kålrot

Sesong: Juli - november
Oppbevaring: I kjøleskap
Rik på: Vitamin C, folat og kostfiber
Bruk: Ein allsidig grønnsak som kan benyttast i mange forskjellige rettar, suppe, lapskaus, gryterettar, wok, råkost eller etast naturell evt med dip.

LAERDALGRONT-SVERREHJORNEVIK-4180.jpg

Om kålrot

Kålrot, eller kålrabi, er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-tallet. Kålrot er ein nær slektning av kål som det går fram av namnet, men i motsetning til andre kålsortar er det hos kålrot knollen som vert ete, ikkje blada. Fasongen er rund og størrelsen kan variere frå under 1 kilo til 3-4 kilo. Fruktkjøttet er hardt og fast med ein lys gul farge. Kålrot er rik på C-vitaminer og vert ofte kalla Nordens appelsin. Den har ein mild og fin kålsmak og er anvendeleg til mange rettar.


Produsentar


Blomkål

Blomkål

Sesong: Juli - oktober
Oppbevaring: I kjøleskap
Rik på: Protein, vitamin C, kostfiber.
Bruk: Kokt, gratinert, frityrsteikt, i kremar, suppar, gratengar, i gryter, i wok og stuingar. Rå blomkål er godt i salatar eller som snack.


Om blomkål

Blomkål kjem opphavleg frå landa rundt Middelhavet, men dyrkast i dag over store deler av verda. Botanisk sett er den litt spesiell då den består av mange små samanvaksne blomebukettar. Den har derfor fått sitt namn blomkål da dette betyr kålblome eller blomstrande kål. Den er såleis en u-utvikla blomestand omkransa av grøne blad. Blomkål er mild på smak med sprø konsistens i bukettane.


Produsentar


Sommarkål

Sommarkål

Sesong: Juni - september
Oppbevaring: I kjøleskåp
Rik på: Vitamin C, Kostfiber og Kalium
Bruk: Nydeleg som kokt, smørdampa eller i wok. Rå nykål kan brukast finsnitta som salat eller råkost. Skåren i båtar kan den også grillast saman med hakka krydderurter.


Om sommarkål

Tidligkål, eller sommarkål, er ein variant av hovudkål som kjem på marknaden allereie på våren. Han er lett og sprø, og passer som tilbehør til det meste. Generelt er hovudkål ein av våre viktigaste grønsaker og kan dyrkast over heile landet. Den kom til Noreg på 1600-talet og er ein hardfør grønsak som tåler vårt klima godt. Hovudkål har tettpakka blader, medan sommarkål har lausare blader.


Produsent


Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no