Ledig stilling som dagleg leiar i Lærdal Grønt

Vår noverande daglege leiar treng meir tid til eiga gardsdrift, og ønskjer å gå over i ei ny og mindre rolle i Lærdal Grønt. Me søkjer difor etter ny dagleg leiar for å samordne og leie
- mottak, pakking og sal i produksjonssesongen
- sesongplanlegging og felles administrative funksjonar
- planlegging av nye lokale og produksjonsanlegg
- produktutvikling og prosjektarbeid

Dagleg leiar vil også ha eit overordna ansvar for drifta av Felleskjøpetbutikken i Lærdal.

Ved tilsetjing vil me legge vekt på leiarerfaring, gode samarbeidsevner, evne til sjølvstendig arbeid, stor arbeidskapasitet og erfaring frå sals- og utviklingsarbeid. Kjennskap til landbruksverksemd er ein fordel.

Me tilbyr interessante og utfordrande oppgåver. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Rikard Lysne, tlf. 909 18 740 eller til dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal, tlf. 958 32 715.

Søknad skal sendast på e-post til styreleiar: rlysne@online.no. Søknadsfrist 7. november.

 

Lærdal Grønt SA er eit samvirkeføretak som omset poteter, grønsaker, moreller og bær. Dyrkarmiljøet er samla i ein slagkraftig organisasjon som står for felles produksjonsplanlegging og avtalar med grossistar, drift av fellestenester for produsentane og samordning av lokale utviklingstiltak. Lærdal Grønt har ein Felleskjøpetbutikk som i tillegg til proffmarknaden også er retta mot vanlege forbrukarar. Omsetning i Lærdal Grønt i 2016 var totalt 83 mill kr. Utviklingsmulegheitene er store på fleire område og nye satsingar har alt gitt stor vekst. Nye lokale og produksjonsanlegg er under planlegging. Verksemda har for tida 7 fast tilsette og omlag 40 personar i produksjonssesongen. 



SVERREHJORNEVIK-LAERDALGRONT-27395-kopi.jpg
Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no