Møt Agata, vår nye medarbeidar!

Me er veldig godt nøgde med å ha tilsett Agata Ciesla i eit 1-års engasjement som butikk- og driftsmedarbeidar i Lærdal Grønt. Ho har jobba på morellepakkeriet vårt i seks sesongar, så ho kjenner oss godt frå tidlegare. No har  ho valt å flytte til Norge for å prøve å bu og arbeide hjå oss i Lærdal. I tida fram mot jul kjem ho til å hjelpe til i Felleskjøpetbutikken vår, og så blir ho meir involvert i sesongførebuingar etter kvart som morellesesongen nærmar seg. Kjæresten hennar, Bartek, er for tida i Australia for å pakke moreller der, før han dreg vidare til Chile på morellepakking etter nyttår. Me ser han forhåpentlegvis på morellepakkeriet vårt att til sommaren. Agata er ferdig utdanna farmasøyt, men vil gjerne prøve litt andre ting før ho startar å praktisere som farmasøyt. Ho skal delta på norskkurs no i haust, men inntil vidare snakkar ho berre engelsk og polsk. Ta gjerne ein prat med henne neste gong du er på handel hjå oss!

Agata.jpg
Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no