Lærdals Beste - frosne bringebær i ein eigen klasse

Lærdals Beste er store, gode bringebær me har frose ned i korger. Så får du kvalitetsbær heile året!

Held øvste kvalitet

Bringebæra er plukka når dei er perfekt moden. Me lar dei få litt blåskjær i fargen og sørger for at den søte smaken er kommen før me plukkar dei. Da bevarer me den ekte, gode bringebærsmaken.

Deretter fraktar me dei rett på djupfrys. Bæra startar i sjokkfrys med temperaturar ned i minus 40 grader. Her blir dei verande i eit døgn, før dei tek turen inn på vanleg frys med mellom 25-30 minusgrader. Du finn dei i frysedisken på Meny - like gode som da me plukka dei.

Proppfulle av sunne næringsstoff

Bringebær inneheld store mengder gunstige antioksidantar og rikeleg med C- og E-vitamin, som beskyttar kroppen mot skade av frie radikal. I tillegg gir dei deg kalium, kalsium og magnesium, mineral som er viktige byggesteinar i kroppen. Og sjølv om dei er frosen, held dei godt på næringsstoffa.

Så fråts i bringebær heile året - med god samvit!

bringebaer.jpg

Jordsmonnet i Lærdal set smak

Få stadar i verda er så godt eigna til bringebærdyrking som Lærdal. Det næringsrike jordsmonnet innerst i Sognefjorden gir god næring til plantene. Saman med lange tradisjonar med frukt og bær i bygda, sikrar me at bringebæra blir dyrka frem etter alle kunstens reglar. Eit relativt kjøleg klima gir sein modning, noko som kombinert med lange lyse dagar sikrar eit høgt sukkerinnhald i bæra – og ikkje minst den gode smaken.

Kjøp hos Meny

Tin bringebæra i kjøleskåpet og ta dei ut rett før dei er heilt tint. Da beheld du eigenskapane godt. Tin dei i korga eller legg dei utover eit brett. Dette vil gje dei ein sakte tiningsprosess, så unngår du at dei kan kollapsa. Bæra held seg ein til to dagar i kjøleskåp etter dei er tint - akkurat som ferske bær.

Lærdals Beste får du kjøpt i alle Meny-butikkane i Sogn og Fjordane og Hordaland - og enkelte Meny-butikkar ellers i landet. Du får òg kjøpt bæra i vår Felleskjøpet-butikk i Lærdal.


Bli inspirert

Lærdals Beste er like gode til alle døgnets tider, berre fantasien set avgrensingar. Pynt kaka, eller et dei som dei er. Kva med ein næringsrik smoothie? Elisa Røtterud er sjølv ofte i Lærdal - og elskar dei frosne bringebæra. Berre sjå kva ho lagar:

Mellommåltid med bringebær

Ein næringsrik salat som er like god aleine eller som tilbehøyr.
Sjå oppskrift på www.elisarotterud.no

 

Bringebær på pinne

Ein enkel, sunn og forfriskande is - med smakfulle bringebær.
Sjå oppskrift på www.elisarotterud.no

 


Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no