Lærdal - naturen sitt eige drivhus

Lærdal Grønt SA er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal.

Me har moderne anlegg for mottak, sortering og pakking av frukt og grønt - som moreller, bringebær, jordbær, aprikos, poteter, gulrot og blomkål. Det meste av frukta og grønsakene som blir produsert i Lærdal, vert distribuert vidare til BAMA før det kjem ut i butikkane. Grønsakene og potetene våre får du kjøpt i Norgesgruppen sine butikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og Rema 1000 i Hordaland. Du får i tillegg kjøpt poteter og gulrøter i Coop Vest sine butikkar i Sogn og Fjordane. Ferske moreller og bær er til sals over heile landet i sesongen. Me leverer i tillegg jordbær og bringebær til Lerum.

Produkta frå Lærdal har svært god kvalitet. Lite nedbør, tidleg vår og godt jordsmonn gjer dalbotnen i Lærdal svært godt eigna til dyrking av frukt, bær, poteter og grønsaker. Me er heile tida opptekne av å utvikle våre produkt og produksjonsmetodar.

Vårt fremste mål er å ta vare på den gode kvaliteten og smaken heile vegen fram til deg og ditt kjøken. Er du i Lærdal, er du hjarteleg velkomen innom ein av våre produsentar der du òg kan kjøpt våre kvalitetsprodukt.

Historia

I 1965 vart det bygd eit samvirketiltak for bønder på Lærdalsøyri. Verksemda fekk namnet Lærdal Frukt og potetlager P/L, og skulle sorterte og pakke frukt og grønt i større parti. Seinare overtok Gartnerhallen verksemda, men fruktpakkinga vart etter ei tid lagt ned og flytta til Leikanger.

I 1970 samla 20 bønder seg på Ljøsne, og starta eit produksjonslag som leverte frukt og grønt til engrosfirmaet BAMA. BAMA produksjonslag hadde mottak og lager hjå Knut Raa AS i Lærdal.

I 1999 vart Lærdal Grønt etablert, då Gartnerhallen produksjonslag og BAMA produksjonslag slo seg saman. Verksemda omset i dag poteter, grønsaker og bær for meir enn 40 ulike produsentar i Lærdal.

I 1997 starta Lærdal Grønt eit stort morell-prosjekt, der Lærdals-moreller av høg kvalitet vart eksportert til fleire land i Europa. I 2003 blei det investert i eit nytt sorteringsanlegg for moreller. I dag sel me meir enn 200 tonn moreller i eit normalår.

Me prøver å utvikle nye produkt, og har i dag utviklingsprosjekt på dyrking av aprikos og tindved, samt testing av ulike sortar rips, solbær og stikkelsbær. Lærdals Beste frosne bringebær er eit heilårsprodukt som du får kjøpt hjå alle Meny-butikkar i Sogn og Fjordane og Hordaland, samt ein del Meny-butikkar i Oslo og Stavanger.

Lærdal Grønt held i dag til på Grandane, der dei òg driv butikken Felleskjøpet.

Dei gamle lokala til Lærdal Frukt og potetlager.

Dei gamle lokala til Lærdal Frukt og potetlager.

Lokala til Lærdal Grønt i dag.

Lokala til Lærdal Grønt i dag.

Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no