|
Potetplanta kjem frå Sør-Amerika der den framleis veks vilt i Chile og Andesfjella i Peru. Urfolk har dyrka og ete poteter i omlag 3000 år. Poteta kom til Norge i 1740-åra, og var ei viktig næringskjelde til ein sterkt veksande befolkning. Lærdal var ein av dei første stadene i Norge poteta vart introdusert, - kanskje den aller første.
Poteter kan brukast til nesten alt. Du finn varierte oppskrifter på http://www.frukt.no.
Poteter er følsame for lys, og må lagrast mørkt. Temperaturen bør vere 4 - 6°.
|
Foto: Potetplante under fiberduk