|
Morelltrea kjem opphavleg frå Kina der dei har vore dyrka i 4 000 år. Moreller blir no dyrka i alle verdsdeler. Det er to sesongar for moreller, ein på den sørlege halvkula og ein på den den nordlege. Aller sist i den nordlege morellsesongen kjem morellene frå Lærdal. Lang vekstsesong, mykje lys, godt jordsmonn og rikelege mengder friskt vatn gjev morellene frå Lærdal den gode smaken.
Moreller skal nytast som frisk frukt, helst rett frå treet! Moreller er også gode til dessert med is, og til morellterte.
Moreller held seg best i kjøleskåp ved 2 - 4°. |
Foto: Klase Sweetheart klar for hausting