Då isen trekte seg tilbake etter istida, etterlot han seg ein djup dal med ei elveslette. Lite nedbør, tidleg vår, og varm og god jord, gjer dalbotnen i Lærdal godt eigna til dyrking av moreller, bær, grønsaker og poteter. Bøndene i Lærdal har i mange generasjonar dyrka frukt og poteter av førsteklasses kvalitet på denne jorda. Kombinasjonen av tørt klima og ubegrensa tilgang på friskt og reint vatn frå snøsmeltinga i fjellet, gjorde at lærdølene tidleg tok i bruk kunstig vatning. I eldre tider vart vatnet leda over jordbruksareala ved hjelp av sinnrike system av vatningsveiter. I dag er dei mest avanserte dryppvatningsanlegga styrt elektronisk, og plantene får nøyaktig vatning etter behov, gjerne fleire gonger om dagen. Lærdal Grønt har moderne anlegg for mottak, sortering og pakking av moreller, poteter og gulrøter. Vårt fremste mål er å ta vare på kvalitet og smak heile vegen fram til kunden.
| Mandag - fredag Laurdag |
09.00 - 16.3010.00 - 14.00 |
Lærdal Grønt BA Grandavegen 6 6887 Lærdal.
Telefon 57 66 64 08 post@lg.no